Aftenposten, 18. 6. 2004
Angesichts des stetig wachsenden englischen Einflusses auf die norwegische Sprache hält es der Osloer Psychologe Rolv Mikkel Blakar für abwegig, den Sprachbürgerkrieg um das Nynorsk fortzusetzen. Da kann man ihm kaum widersprechen.
Norsk er eit språk under aukande press
Utan skikkelege krafttak er det ikkje spørsmål om norsk vil forsvinne, men når. I staden for å stridast om bokmål, riksmål, samnorsk og nynorsk kunne vi konsentrere oss om å verne norsk i ei tid prega av angloamerikansk språkleg dominans, skriv Rolv Mikkel Blakar, professor i psykologi med kommunikasjon som spesialfelt, Universitetet i Oslo.
SER VI PÅ UTVIKLINGA GLOBALT, er det grunn til å spørje om norsk vil vere i bruk om 100 år. I dag vert norsk angripe frå minst to kantar: Utanfrå av engelsk (les angloamerikansk) og innanfrå av at stadig fleire ikkje lenger har norsk som morsmål, men lærer norsk som andrespråk. Språklege puristar vil dessutan hevde, ikkje minst med referanse til språket i aviser og media, at norsk er i forfall fordi stadig færre skriv korrekt. Dette er ikkje særnorske fenomen. Med unntak av engelsk, sterkt støtta av teknologiske språk knytt til data, e-post, tekstmeldingar osv, er alle andre språk meir eller mindre på defensiven. Derfor har da også tradisjonsrike kulturnasjonar som Sverige, Tyskland, for ikkje å snakke om Frankrike, sett i verk tiltak for å verne om sine språk. Språk som i utgangspunktet står langt sterkare enn minispråket norsk.
Korleis møter det politiske Norge denne trusselen? For å være ærleg, er det vanskeleg å sjå eit einaste tiltak med politisk kraft og økonomisk tyngde bak. Faktum er at dei to tema som vert diskutert mest intenst på den språklege arenaen for tida spørsmålet om obligatorisk sidemål og omfang og finansieringsordning av opplæring i norsk som andrespråk båe bidrar til å gjere vondt verre. I eit lite og sårbart språksamfunn som det norske må det setjast inn heilt andre ressursar for at alle innvandrarar skal få lære norsk.
Det at stadig fleire norske borgerar ikkje bruker eller forstår norsk, vil sjølvsagt vere med på å undergrave det vesle norske språksamfunnet. Enda verre er det at i ei tid da alle krefter burde vore sett inn i kampen mot den angloamerikanske språkimperialismen, bruker vi kreftene til å krangle om sidemål. Snakk om strutsepolitikk!
Sjølvsagt meiner ikkje eg som nynorskbrukar (ein minoritetsvariant av eit minispråk) at vi skal legge oss flate for bokmål/riksmål. Men når problemstillinga er om norsk som språk skal overleve, må spørsmål om bokmål/riksmål, nynorsk, dialekt, samnorsk, sidemål, osv verte underordna.
For snart 40 år sidan kjempa eg som leiar av studentmållaget på barrikadane for nynorsk i den lokale norske språkstriden. I dag må vi alle stå på barrikadane for norsk i den globale språkstriden. Og da meiner eg i prinsippet norsk i alle sine mange variantar!
DET ER SYND at samnorskalternativet er brukt opp. Gitt den nåverande angloamerikanske språktrusselen hadde kanskje samnorsk kunna fungert samlande i motstanden dersom samnorskidéen hadde vorte lansert først nå. Men for folk flest er samnorsk i dag eit skjellsord som neppe kan fungere samlande og motiverande i forsvarkampen mot den angloamerikanske språkimperialismen. Men kva med allnorsk? Altså eit forsvar for norsk i alle variantar! Med andre ord, i staden for å stridast om bokmål/riksmål, nynorsk med sidemål som logisk konsekvens kunne vi konsentrere oss om å verne norsk. Og da ut frå prinsippet om å la de hundre blomster blomstre. Ein slik politikk ville krevje semje om kva som er norsk versus ikkjenorsk, men elles ikkje vere orientert mot raudblyanten og kva som er korrekt språkbruk.
Språklege puristar og filologar vil nok hoppe til over dette. Eg er ikkje filolog, men psykolog og samfunnsvitar.
Derfor er eg ikkje så opptatt av rett og vrangt når det gjeld ortografi, grammatikk og ordvalg. For meg er det vesentlege at norsk språk som vi har utvikla gjennom generasjonar for å forstå omverda og oss sjølve på vår måte skal få sjanse til å overleve. Dersom engelsk overtar i løpet av eit par generasjonar, vil det vere eit lite bidrag til globaliseringa, men det vil utgjere eit stort tap for det norske folkets utsikter til å forstå seg sjølv og omverda på sine eigne premiss.
FOR OM LAG 35 ÅR SIDAN kartla eg samspelet mellom språk og samfunn og studerte sosiale sider ved språket i bruk. Desse arbeida vart publiserte i ei lita bok med den programmatiske tittelen Språk er makt. Hovedpoenget var å vise at det er gjennom språket vi grip og forstår, ja, delvis skaper røyndomen. Og det er gjennom språket vi forstår oss sjølve og vår eigen identitet. Derfor får den som har kontroll over språket makt.
Hadde eg skrive bok om samspelet mellom språk og samfunn, mellom språk og identitet i dag, tvilar eg på om eg hadde våga bruke tittelen Språk er makt. Det var ein tittel eg brukte programmatisk for å få fram dei potensielt emansipatoriske trekk ved språket.
Gjennom språket ditt grip og forstår du omverda på din måte! I dag ville ein like sannsynleg tittel på mine analyser av samspelet mellom språk og samfunn ha vorte Språk er avmakt eller Språkleg avmakt. Det skuldast ikkje berre at eg har vorte 35 år eldre.
I eit makt- og minoritets-majoritets perspektiv må vi realistisk rekne med at norsk vert behandla like stemoderleg i det globale verdssamfunnet som samisk vert behandla i det norske samfunnet. Samisk er rett nok verna i sjølvaste grunnlova, men dette paragrafvernet er vel nesten det einaste krafttaket det norske storsamfunnet har tatt for å verne samisk.
Det norske språket kan ikkje vente større omtanke frå verdssamfunnet i ei tid da små minoritetsspråk, som det norske, dagleg er truga av utrydding. Nei, utan radikale grep og skikkelege krafttak er det ikkje spørsmål om norsk vil forsvinne, men når.
KVIFOR VERNE OM DET NORSKE SPRÅKET? Ville det ikkje forenkle verda om alle snakka engelsk og forsto kvarandre? Idéen om eit felles språk (jfr. esperanto) er ein vakker draum, for den babelske språkforvirring skaper mange problem. Likevel vil det ha sine store omkostningar om norsk vert borte, i alle fall for dei to-tre generasjonane som vil utgjere overgangsfasa. Viktige grunnar er nemnt over: Språket er ein vesentleg berar av vår identitiet, og språket representerer den måten å gripe og forstå røyndomen på (verdensanskuelse) som er utvikla gjennom generasjonar i vårt karrige land.
Ut frå eit mellommenneskeleg maktfordelingsperspektiv er det viktig at ikkje det angloamerikanske perspektivet tar kontrollen over alle ved at alle snakkar berre engelsk. Ein annan viktig grunn er at språk (felles stammespråk) utgjer ein vesentleg føresetnad for å skape sosiale og kulturelle fellesskap der vi tar ansvar for kvarandre og viser omsorg. Tidlegare har eg vore mest opptatt av å synleggjere makt og påvirking i språk og kommunikasjon.
VIKTIGASTE GRUNNEN er derfor at det primært er gjennom språket at kultur og verdiar, t.d. fellesskapsverdiane i velferdssamfunnet vårt, vert overført frå ein generasjon til den neste. I ei globalisert verd utan små samfunn, som Norge med sitt/sine stammespråk, ville det sannsynlegvis vere langt vanskelegare å etablere og oppretthalde slike fellesskaps- og gjensidige velferdsordningar. Fordi språk ikkje dreiar seg primært om filologi, ortografi, grammatikk, korrekt språkbruk, osv., men er uttrykk for djupt mellommenneskelege relasjonar, som makt og omsorg, må det visast kreativitet og takast radikale grep for å verne norsk språk og kultur i ei tid prega av angloamerikansk språkleg dominans i globalt perspektiv.
|